Når barn og unge treng hjelp
Det skal vera trygt og godt å veksa opp i Osterøy. Av og til oppstår likevel utfordringar som gjer at ikkje alle har det så bra. I vår kommune følgjer me BTI-modellen for å sikre at barn og unge får den hjelpa dei treng. Stafettlogg er ei elektronisk plan for å følge opp arbeidet rundt eit barn eller ungdom.
I tiltaksoversikta finn du oversikt over tiltak Osterøy kommune har for familiar, barn og unge.
Er du bekymra for eit barn eller ein ungdom? Anten uroa er sterk eller svak – gjer noko med det!
NB: Dersom du har grunn til å tru at eit barn er utsett for omsorgssvikt, vald eller overgrep skal du ta direkte kontakt med Barnevernstenesta 94508710 eller Politi 112. Meir info.
