-

Om meldeplikt

Meldeplikt etter barnevernslova


Dersom du har grunn til å tru at eit barn er utsett for omsorgssvikt og det føreligg noko konkret som indikerer alvorlege manglar med omsorgssituasjonen til barnet, må du ta ei vurdering om meldeplikta er utløyst.

Dersom du er usikker på dette, ring til Sørfjorden barnevernteneste for rettleiing via telefon. Det kan du gjere anonymt. Telefonnummeret er: 945 08 710. Telefontid mellom klokka 09.00 – 14.30

Kven har meldeplikt?

Du har meldeplikt etter barnevernslova § 13-2 viss:

  • Du er offentleg tilsett eller du utfører oppgåver for det offentlege
  • Du er yrkesutøvar med profesjonsbestemd teieplikt

Meldeplikten etter barnevernslova inneber eit personleg ansvar for å melde, og går føre lovfesta teieplikt.

Har du ei magekjensle på at noko ikkje er heilt som det skal?


Då kan konsultasjonsteamet hjelpe deg!

Har de barn/unge de er bekymra for/har mistanke om at kan vere utsatt for seksuelle overgrep, vald og eller anna mishandling? Treng de råd og rettleiing for korleis de skal handtere dette vidare? Då håpar me de tek kontakt med konsultasjonsteamet for vald og overgrep!

Å drøfte saka i konsultasjonsteamet er et lågterskeltilbod for deg som har fått ei bekymring for eit barn eller ein ungdom.

Konsultasjonsteam for vald og overgrep er eit tverrfagleg team som ønskjer å drøfte bekymringa di saman med deg. I teamet er det representant frå helsestasjon, barnevern, PPT, barn- og familieteamet og politi.

Du kan melde inn sak på:konsultasjonsteam@osteroy.kommune.no. Husk at personsensitive opplysningar ikkje skal sendast på e-post. Alle saker til teamet skal vere anonyme når du presenterer saka, det vil seie at du ikkje skal skrive opplysningar om barnet/familien som namn, skule, bustad. Legg igjen ditt namn og telefonnummer dersom du ønskjer at leiar for konsultasjonsteamet ringjer deg tilbake.

Datoar for konsultasjonsteam, hausten 2025:

Onsdag 3. september kl 12:00-15:30
Onsdag 1. oktober kl. 12:00-15:30
Onsdag 5. november kl. 12:00-15:30
Onsdag 3. desember kl. 12:00-15:30

Ved behov kan også konsultasjonsteamet sette opp ekstra drøftingsmøte. Dette blir vurdert på bakgrunn av saker som blir meldt inn, og tidspunkt for innmelding.