
Pedagogisk utviklingsteam er eit møtepunkt mellom PP-tenesta og kvar enkelt skule/barnehage. Her kan ein blant anna drøfte kartlegging, tiltak, observasjon og behov for rettleiing. Målet med teamet er at den spesialpedagogiske kompetansen skal komme tettare på elevane og lærarane i skulen, som igjen skal bidra til å auke kvaliteten på det allmennpedagogiske- og spesialpedagogiske tilbodet.
Tid og stad: blir gjennomført månadleg på kvar enkelt skule/barnehage.
Skule/barnehage kan melde inn saker til pedagogisk utviklingsteam. Dersom drøftinga ikkje skjer anonymt må det først foreligge samtykke frå foresatte/foreldre.
Konsultasjonsteam om vald og seksuelle overgrep er eit tverrfagleg lågterskeltilbod med deltakarar frå PPT, helsestasjon, flyktningtenesta, barneverntenesta, barn og familieteamet og politi deltar. Her kan alle som møter barn og unge i sitt arbeid, og som er bekymra for barnet i forhold til vald, overgrep og skadeleg seksuell åtferd drøfte bekymringane sine og få konkrete råd om vegen vidare
Tid og stad: Kvar 4 veke, 12-15 på familiens hus. Tenestene sitt samla fysisk. Rådsøkjer kan delta via teams ved behov.
Ta kontakt om du har aktuelle saker eller har behov for å drøfte om saka du har er aktuell for teamet.
Har du ei magekjensle på at noko ikkje er heilt som det skal?
Då kan konsultasjonsteamet hjelpe deg!
Har de barn/unge de er bekymra for/har mistanke om at kan vere utsatt for seksuelle overgrep, vald og eller anna mishandling? Treng de råd og rettleiing for korleis de skal handtere dette vidare? Då håpar me de tek kontakt med konsultasjonsteamet for vald og overgrep!
Å drøfte saka i konsultasjonsteamet er et lågterskeltilbod for deg som har fått ei bekymring for eit barn eller ein ungdom.
Konsultasjonsteam for vald og overgrep er eit tverrfagleg team som ønskjer å drøfte bekymringa di saman med deg. I teamet er det representant frå helsestasjon, barnevern, PPT, barn- og familieteamet og politi.
Du kan melde inn sak på:konsultasjonsteam@osteroy.kommune.no. Husk at personsensitive opplysningar ikkje skal sendast på e-post. Alle saker til teamet skal vere anonyme når du presenterer saka, det vil seie at du ikkje skal skrive opplysningar om barnet/familien som namn, skule, bustad. Legg igjen ditt namn og telefonnummer dersom du ønskjer at leiar for konsultasjonsteamet ringjer deg tilbake.
Datoar for konsultasjonsteam, hausten 2025:
Onsdag 3. september kl 12:00-15:30 |
Onsdag 1. oktober kl. 12:00-15:30 |
Onsdag 5. november kl. 12:00-15:30 |
Onsdag 3. desember kl. 12:00-15:30 |
Ved behov kan også konsultasjonsteamet sette opp ekstra drøftingsmøte. Dette blir vurdert på bakgrunn av saker som blir meldt inn, og tidspunkt for innmelding.
Tverrfagleg utviklingsteam består av representantar frå PPT, skulehelsetenesta, barneverntenesta og barn og familieteamet.
Her kan skular og barnehagar melda inn behov og caser der det er behov for råd og rettleiing. Det er kan vere saker knytt til lærevanskar, psykisk helse, fysisk helse, familiesituasjon eller anna.
Tid og stad: Kvar 4.veke 12-15 på familiens hus. Tenestene sitt samla fysisk. Rådsøkjar kan delta via teams ved behov.
Los er eit tverrfagleg samansett gruppe med faste medlemmar frå helsestasjon, PPT, barnevernstenesta, Barn og familieteamet, NAV, familiens hus og Koordinerande eining. Ein representant frå BUP Åsane deltek også. Psykolog frå barn og familieteamet er koordinator for inntaksteamet. Leiar for familiens hus er leiar for Los.
Målgruppa til Los er barn og ungdom 0-18 år, og deira foreldre. Det kan også vere eit tilbod for gravide. Los er eit tilbod når det er samansette utfordringar, og det er behov for tverrfagleg drøfting for å avklare korleis hjelpe familien på best mogleg måte.
I Osterøy kommune er familiens hus organisert som eigen eining. Her møter du fleire tenester til barn og unge på ein stad. Familiens hus er ein samhandlingsmodell som skal legge til rette for at barn, unge og deira familiar skal møte eit tilgjengeleg og heilskapleg tilbod.
Tenestane jobbar saman om kvalitetsutvikling og kompetanseheving. Når det kjem til det daglege arbeidet med familiar, barn og unge arbeider tenestene uavhengig av kvarandre, og det er teieplikt mellom tenestane.
Familiens hus består av desse tenestane:
- Helsestasjon
- Jordmortenesta, helsestasjon 0-18, skulehelsetenesta, helsestasjon for ungdom og flyktninghelseteneste.
- Pedagogisk psykologisk teneste (PPT)
- PP-rådgjevarar
- Logped
- Barneverntenesta
- Undersøking- og tiltaksteamet
- Omsorgsteamet
- Barn og familieteamet
- Består av familieterapeutar, miljøterapeutar og psykolog