-

Stafettlogg

Stafettlogg som digital loggbok/plan. I kommunikasjonen mellom kommunal teneste(er) og familien, vert elektronisk stafettlogg brukt som eit viktig samhandlingsverktøy. Før ein kan ta i bruk stafettlogg må føresette/ungdommen gje samtykke.

Osterøy kommune bruker Visma flyt samspill til stafettlogg.

Når blir det oppretta stafettlogg?

I situasjoner der barn og unge treng hjelp i ein fase i livet, der det er behov for tiltak over tid og der
fleire instansar er involvert, bør det opprettast ein stafettlogg. Forelder/ungdom blir kalla inn til møte og får informasjon og tilbod om stafettlogg. Dersom foreldre/ungdom ønsker stafettlogg, blir det henta inn samtykke og oppretta stafettlogg.

Stafettlogg bør opprettast på nivå 2 i BTI-veilederen (tverrfaglig
samarbeid mellom to tenester og foreldre/barnet), men det er også mogleg å oppretta på nivå 1 i BTI-rettleiaren om ein ser at det styrkar arbeidet.

For meir informasjon om stafettlogg les her: Kva er stafettlogg_oversiktsplakat

For oversikt over rutine, ansvarsfordeling og/eller steg-for-steg instruksar for oppretting og bruk, sjå rutine i netpower her: Kvalitetssystem eller last ned pdf-fil her: rutinebeskriving