Meir informasjon om ulike hjelpe- og støttetiltak kommunen kan tilby til familiar, barn og unge finn du her: osteroy.tiltaksoversikt.no.
Under finn du informasjon om ulike tenester og tilbod for barn og unge i Osterøy kommune.
Helsestasjontenesta driv førebyggjande og helsefremjande arbeid i kommunen, særleg retta mot barn, unge og føresette. Tenesta er eit lågterskel tilbod, som vil seie at ein kan ta kontakt ved behov, enten via telefon eller kome innom. Her kan ein få råd og rettleiing kring barns vekst og utvikling. Helsestasjonen kan samarbeide med fastlege, fysioterapeut, barnehage, psykisk helseteneste, PPT og barnevern.
Skulehelsetenesta er eit tilbod for barn og ungdom i skulealder. Skulehelsetenesta skal bidra til god helse blant barn og ungdom, slik at dei opplever meistring, trivsel og struktur i skulekvardagen.
Hos helsesjukepleiar kan du spørje og snakke om det du lurer på.
Helsestasjon for ungdom (HFU) er eit gratis tilbod for deg mellom 13-23 år. Her kan du få hjelp og råd frå helsesjukepleiar, lege og psykolog. Dei som jobbar der har teieplikt.
Når? Kvar tysdag i skuleåret, frå klokka 14:00-16:30. Du treng ingen timebestilling.
Kvar? Fotlandsvegen 27, 5282 Lonevåg. (Familiens hus)
Døme på emne som du kan ta opp:
- Spørsmål om kroppen
- Menstruasjonen
- Forelsking og andre kjensler
- Røyking, snus og anna rusrelatert
- Graviditet
- Seksualitet
- Problem på skulen eller heime
- Einsemd
- Etevanskar
- Psykiske vanskar
- Vonde opplevingar, til dømes seksuelt overgrep, vald/sjukdom i familien
Helsestasjonen kan m.a. hjelpa deg med:
- Samtale
- Graviditetstest
- Prevensjonsrettleiing og prevensjon
- Gratis kondomar
- Testing av kjønnssjukdomar
- Tilvisingar til andre instansar i helsevesenet
PPT skal samarbeide med barnehagane og skulane om tidleg innsats og førebygging. Tenesta skal gi generell støtte til god fagleg og sosial utvikling for barn og elevar.
PPT utarbeider sakkunnige vurderingar for barn og elever som kan ha behov for spesialpedagogisk hjelp i barnehagen eller individuelt tilrettelagt opplæring på skulen.
Når er det aktuelt å få sakkunnig vurdering av PPT?
- Når ein elev ikkje får tilfredstillande utbytte av den ordinæra opplæringa på skulen, på tross av at skulen har kartlagt og satt i gang egne tiltak.
- For barn i barnehagen som ikkje får dekka behova sine innafor det allmennpedagogiske tilbodet, på tross av at barnehagen har kartlagt og satt inn egne tiltak.
Kva kan PPT hjelpe med?
- Språk- tale og kommunikasjonsvanskar
- Forseinka utvikling
- Sosiale- og emosjonelle vanskar
- Åtferdsvanskar
- Syn- og høyrselsvanskar
- Generelle lærevanskar eller fagvanskar
- Lese- og skrivevanskar
- ikkje-språklege lærevanskar
- Konsentrasjonsvanskar
- Alvorleg skulefråvær
- Framskunda og utsett skulestart
For barn og unge som har ulike kommunikasjonsvanskar kan det vere behov for logopedhjelp.
Dette kan vere:
- Språklydsvanskar
- Løpsk tale
- Stamming/taleflytvanskar
- Nasalitet
- Stemmevanskar
- Forseinka språkutvikling
- Vanskar med språket grunna skade, sykdom eller tilstand.
Logopeden arbeider både direkte med barn og unge, og indirekte i form av rådgjeving til føresette, barnehage og skule. Dei viktigaste samarbeidspartnarane er føresette, barnehage, skule, helsestasjon og PPT.
For born som går i barnehage eller på skule må det først kartleggast og settast inn tiltak internt. Etter å ha prøvd ut relevante tiltak må barnehagen/skulen vurdere om ein skal ta kontakt med logoped for lågterskeltilbod eller eventuelt tilvise til PPT.
For born som ikkje går i barnehage kan føresette ta kontakt med kommunal logoped sjølv.
Logopedtilbodet i Osterøy kommune blir delt opp i lågterskel tilbod og logopedi gitt som spesialpedagisk hjelp/individuelt tilrettelagt opplæring. Lågterskeltilbod blir gitt dersom logoed vurderer at barnet kan avhjelpast med inntil 5 timar logopedhjelp. Hjelpa kan bestå av råd/rettleiing til føresette og skule/barnehage, det kan også vere noko direkte arbeid med barnet. Behov utover dette følger rutine for oppmelding til PPT.
Barn og familieteamet er eit gratis hjelpetilbod til for barn og unge i alderen 0-18 år, og deira føresette.
Kva kan de få hjelp til?
- Utfordringar i foreldrerolla og familielivet
- Utfordring i samspelet mellom foreldre og barn
- Hjelp for ulike psykiske/emosjonelle vanskar hos barn og unge
Hjelpa kan bli gitt individuelt, i gruppe eller som kurstilbod.
Barnevernstenesta tilbyr støtte og hjelp til barn, unge og deira familiar.
Barnevernstenesta skal bidra til trygge oppvekstvilkår for barn og unge, og den skal sikra at barn og unge som lever under forhold som kan skade deira helse eller utvikling, får naudsynt hjelp og omsorg til rett tid.
Hjelpetiltak kan vera foreldrerettleiing, miljøarbeid, familieråd, besøksheim og støtte til fritidsaktivitetar for barn. Barnevernstenesta er oppteken av at barn og unge skal få oppleve at dei har medverknad på tiltak frå barnevernet, når deira alder og modning tilseier det.
Familiar som har eller ventar barn med langvarie og store hjelpebehov vil ofte ha rett på barnekoordinator. Barnekoordinatoren skal vere familien og dei ulike tenestene sin kontaktperson, og ein nøkkelperson i arbeidet med å sørge for at familien og barnet får eit heilskapleg og koordinert tenestetilbod.
Familien har rett til barnekoordinator når alle desse vilkårene er oppfylt:
- Familien ventar barn eller har barn under 18 år
- Barnet har alvorlig sykdom, skade eller nedsatt funksjonsevne
- Barnet vil ha behov for langvarige og sammensatte eller koordinerte helse- og omsorgstjenester og andre velferdstjenester
Kommunen skal gjøre en individuell, konkret vurdering av om vilkårene er oppfylt.
Barnekoordinatoren skal sørge for:
- Koordinering av det samla tenestetilbodet
- Å ha oversikt over og bidra aktivt til å ivareta kommunens ansvar for nødvendig oppfølging og tilrettelegging for familien og barnet i form av tilbod om eller ytelse av helse- og omsorgstjenester og andre velferdstjenester
- At familien og barnet får nødvendig informasjon og helhetlig veiledning om helse- og omsorgstjenestetilbudet
- At familien og barnet får nødvendig informasjon og helhetlig veiledning om andre velferdstjenester og relevante pasient- og brukerorganisasjoner, at familien og barnet gis veiledning i deres kontakt med disse, og at det formidles kontakt eller henvisning videre til slike tjenester eller organisasjoner
- Fremdrift i arbeidet med individuell plan for dei som har dette
Barn og unge med motoriske vanskar og nedsett funksjonsevne kan få undersøking og oppfølging av fysio- og ergoterapitenesta.
Den kommunale barnefysioterapeuten er ein del av helsestasjontenesta. I mange tilfelle er det hensiktsmessig å først drøfte spørsmål og bekymring med helsestasjonen, og saman vurdere om ein skal ta kontakt med fysio- og ergoterapitenesta.
Kva kan tenesta hjelpe med?
- Kartlegging av funksjonsnivå og aktivitetsutførelse
- Behandling
- Råd og rettleiing til foreldre/foresatte
- Oppfølging i barnehage/skule/institusjonar
- Vurdere behov for hjelpemiddel, heime og skule/barnehage
Fritidskontakt kan vere aktuelt for barn og unge som har funksjons- eller utviklinghemming, psykiske utfordringar eller andre utfordringar som gjer at du treng hjelp til å skape ei aktiv og meiningsfull fritid og forebygge isolasjon. Søkar må som hovudregel vere fylt 10år.
Avlastning kan vere aktuelt for foreldre/føresatte som har eit særleg tyngjande omsorgsarbeid for familiemedlem som har ein psykisk eller fysisk funksjonnedsettelse. Ein avlastar overtar pleiefunksjonane som søkar til vanleg har. Avlastning vert gjeve på timebasis, eller gjennom eitt eller fleire døgn. Det kan skje i heimen, i besøksheim eller på institusjon.